{"id":134,"date":"2006-07-07T12:29:34","date_gmt":"2006-07-07T10:29:34","guid":{"rendered":"http:\/\/iskwew.com\/blogg\/2006\/07\/07\/f%c3%b8rste-dag-i-syden-bagasjeforviklinger\/"},"modified":"2008-02-27T16:33:57","modified_gmt":"2008-02-27T15:33:57","slug":"f%c3%b8rste-dag-i-syden-bagasjeforviklinger","status":"publish","type":"post","link":"http:\/\/iskwew.com\/blogg\/2006\/07\/07\/f%c3%b8rste-dag-i-syden-bagasjeforviklinger\/","title":{"rendered":"F\u00f8rste dag i Syden &#8211; bagasjeforviklinger"},"content":{"rendered":"<p>fra Are Kalv\u00f8s &#8220;Syden&#8221;.  En som sagt ustyrtelig morsom bok, synes jeg.  Skriftlig gjengivelse er selvsagt ikke det samme som \u00e5 h\u00f8re Are lese boken, men uansett, et lite utdrag.  Det er bare \u00e5 l\u00f8pe og kj\u00f8pe!<\/p>\n<p>Da jeg h\u00f8rte p\u00e5 denne satt jeg p\u00e5 stranden med hodetelefoner og lo s\u00e5 h\u00f8yt at Tigerungen ble flau.<\/p>\n<p><strong>SK7883 &#8211; Dei f\u00f8rste timane<\/strong><\/p>\n<p><strong>10:41<\/strong> &#8211; SK 7883 fr\u00e5 Gardermoen landar i Palma<\/p>\n<p><strong>10:43<\/strong> &#8211; Hansen Jr. blir sendt av garde for \u00e5 sikre familien ein god plass ved bagasjebandet<\/p>\n<p><strong>10:45<\/strong> &#8211; Pettersen meiner Nilsen har tatt bagarsjetralla til Pettersen.  Nilsen meiner ingen har meir rett p\u00e5 bagasjetraller enn andre, og dersom denne bagasjetralla var s\u00e5 viktig for Pettersen, burde Pettersen kanskje passa litt betre p\u00e5.<\/p>\n<p><strong>10:47<\/strong> &#8211; Nilsen oppdagar at det st\u00e5r sju ledige bagasjetraller rett bak dei.  Pettersen tek ei av dei, og Nilsen og Pettersen g\u00e5r saman i retning bagasjebandet.<\/p>\n<p><strong>10:49<\/strong> &#8211; Nilsen og Pettersen finn ut at dei skal bu p\u00e5 same hotel og avtalar \u00e5 m\u00f8tes i baren same kveld.<\/p>\n<p><strong>10:51<\/strong> &#8211; Nilsen og Pettersen og resten av passasjerane som kom med SK7883 fr\u00e5 Gardermoen kjem fram til ei svingd\u00f8r som ein m\u00e5 gjennom for \u00e5 komme til bagasjebandet.<\/p>\n<p><strong>10:52<\/strong> &#8211; Nilsen og Pettersen er samde om at n\u00e5r dei no har jobba slik for \u00e5 sikre desse bagasjetrallene s\u00e5 skal dei <strong>faen meg ha dei med<\/strong> seg gjennom svingd\u00f8ra sj\u00f8l om det ser umulig ut.<\/p>\n<p><strong>10:53<\/strong> &#8211; Nilsen st\u00e5r bom fast i svingd\u00f8ra med bagasjetralla og forsinkar alle passasjerane som kom med SK 7883 fr\u00e5 Gardermoen.<\/p>\n<p><strong>10:55<\/strong> &#8211; Hansen, som likar \u00e5 ordne ting, og som dessutan har l\u00e6rt seg litt spansk f\u00f8r ferien, tilbyr seg \u00e5 hente hjelp.<\/p>\n<p><strong>10:57<\/strong> &#8211; Hansen har funne ein man i uniform, og det g\u00e5r opp for Hansen at &#8220;Unnskyld, det st\u00e5r ein person med bagasjetralle fast i svingd\u00f8ra&#8221; ikkje er av dei setningane han har l\u00e6rt seg p\u00e5 spansk f\u00f8r ferien.<\/p>\n<p><strong>10:58<\/strong> &#8211; Ungane begynner \u00e5 grine i k\u00f8a.<\/p>\n<p>10:59 &#8211; Halvorsen, som reiser aleine, seier h\u00f8gt at &#8220;Det er vel like greit \u00e5 begynne p\u00e5 spriten med ein gong, sidan vi ser ut til \u00e5 bli st\u00e5ande her ei stund.&#8221;<\/p>\n<p><strong>11:00<\/strong> &#8211; Pettersen oppdagar at Pettersen Jr. er vekk.  Pettersen meiner dette ikkje ville skjedd dersom ikkje Pettersen hadde v\u00e6rt s\u00e5 opptatt av \u00e5 krangle om bagasjetraller og svingd\u00f8rer heile tida.  Halvorsen meiner Pettersen skal v\u00e6re glad for at i hvert fall noken i denne familien tek ansvar og bryr seg om bagasjetraller i staden for \u00e5 storme av garde for \u00e5 r\u00f8yke s\u00e5 snart flyet har landa.<\/p>\n<p><strong>11:04<\/strong> &#8211; Pettersen Jr. blir funnen.  Pettersen Jr. har henta hjelp, og saman med ein tilsett p\u00e5 flyplassen f\u00e5tt Nilsen laus fr\u00e5 svingd\u00f8ra.<\/p>\n<p><strong>11:05<\/strong> &#8211; Halvorsen, som reiser aleine, ler h\u00f8gt.<\/p>\n<p><strong>11:06<\/strong> &#8211; Alle passasjerane g\u00e5r gjennom svingd\u00f8ra.<\/p>\n<p><strong>11:07<\/strong> &#8211; Nilsen oppdagar at det st\u00e5r mange ledige bagasjetraller p\u00e5 den andre sida.<\/p>\n<p><strong>11:10<\/strong> &#8211; Resten av passasjerane p\u00e5 SK 7883 fr\u00e5 Gardermoen har komme seg til bagasjebandet, der Hansen Jr. for lengst har tatt den beste plassen.<\/p>\n<p><strong>11:11<\/strong> &#8211; Hansen Sr., som likar \u00e5 ordne ting, tek som avtalt oppstilling i svingen.  Hansen Jr. gjer seg klar til \u00e5 signalisere til Hansen Sr. n\u00e5r bagasje er oppdaga.  Dette har dei trena p\u00e5.<\/p>\n<p><strong>11:14<\/strong> &#8211; Bagasjen har ikkje komme.<\/p>\n<p><strong>11:37 <\/strong>&#8211; Bagasjen har framleis ikkje komme.<\/p>\n<p><strong>11:45<\/strong> &#8211; Halvorsen, som reiser aleine, seier h\u00f8gt at bagasjen sikkert er p\u00e5 Hawaii, men at han har posen full av sprit, s\u00e5 det gjer ingen ting.  Halvorsen ler h\u00f8gt.<\/p>\n<p><strong>11:56<\/strong> &#8211; Nokon oppdagar at bagasjen fr\u00e5 SK 7883 fr\u00e5 Gardermoen kjem p\u00e5 bandet ved sidan av.  Alle har berre g\u00e5tt ut ifr\u00e5 at Hansens tok oppstilling ved rett band.<\/p>\n<p><strong>12:00<\/strong> &#8211; Hansens, som likar \u00e5 ordne ting, kjem fram til bagasjebandet, og oppdagar at plassanen deira er tatt av Pettersen og Nilsen som st\u00e5r med bagasjetrallene p\u00e5 tvers ved bandet.<\/p>\n<p><strong>12:02<\/strong> &#8211; Hansen, som likar \u00e5 ordne ting, p\u00e5peiker at dersom alle har bagasjetrallene bak seg, s\u00e5 blir det plass til fleire ved bandet.  Nilsen meiner at ingen har meir rett p\u00e5 plass ved bagasjebandet enn andre, og dersom denne  plassen ved bagasjebandet var s\u00e5 viktig for Hansen s\u00e5 burde Hansen kanskje ha passa p\u00e5 \u00e5 g\u00e5 til rett bagasjeband.<\/p>\n<p><strong>12:03<\/strong> &#8211; Hansen ber Hansen Jr. sette seg p\u00e5 bagasjetralla til Nilsen og halde utkikk.<\/p>\n<p><strong>12:05<\/strong> &#8211; Hansen, Pettersen og Nilsen finn ut at dei har ongar i same alder og blir samde om \u00e5 m\u00f8tes i baren same kveld.<\/p>\n<p><strong>12:15<\/strong> &#8211; Alle har f\u00e5tt bagasjen sin.  Hansen, som likar \u00e5 ordne ting, og som kjenner eit behov for \u00e5 rette opp inntrykket etter at Hansens tok oppstilling ved feil bagasjeband, seier han trur han veit kvar bussane st\u00e5r.<\/p>\n<p><strong>12:16<\/strong> &#8211; Halvorsen, som reiser aleine, seier h\u00f8gt at &#8220;D\u00e5 g\u00e5r vi i alle fall ikkje dit&#8221;.  Halvoren ler h\u00f8gt.  Mange andre ogs\u00e5.<\/p>\n<p><strong>19:00<\/strong> &#8211; Hansens, Pettersens, Nilsens og Halvorsen, som reiser aleine, m\u00f8tes i baren p\u00e5 hotellet.  Hansen, som likar \u00e5 ordne ting, bestiller p\u00e5 spansk til en kelner som bare snakkar svensk og engelsk.  Halvorsen har med det han treng sj\u00f8l.<\/p>\n<p><strong>23:40<\/strong> &#8211; Hansens, Pettersens, Nilsens og Halvorsen har funne ut at dei har fleire felles kjente.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>fra Are Kalv\u00f8s &#8220;Syden&#8221;. En som sagt ustyrtelig morsom bok, synes jeg. Skriftlig gjengivelse er selvsagt ikke det samme som \u00e5 h\u00f8re Are lese boken, men uansett, et lite utdrag. Det er bare \u00e5 l\u00f8pe og kj\u00f8pe! Da jeg h\u00f8rte p\u00e5 denne satt jeg p\u00e5 stranden med hodetelefoner og lo s\u00e5 h\u00f8yt at Tigerungen ble [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":29,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[16],"tags":[155],"class_list":["post-134","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ord-av-andre","tag-ferieliv"],"_links":{"self":[{"href":"http:\/\/iskwew.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/134","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"http:\/\/iskwew.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"http:\/\/iskwew.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"http:\/\/iskwew.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/29"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"http:\/\/iskwew.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=134"}],"version-history":[{"count":0,"href":"http:\/\/iskwew.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/134\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"http:\/\/iskwew.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=134"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"http:\/\/iskwew.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=134"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"http:\/\/iskwew.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=134"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}